NULLENERGIHUS

Første bygg i vår
region som nærmar seg nullenergihus-standard

 

Elvekanten blir bygd i høve krava til passivhus-standard i TEK 17. Dermed blir det eit særs energieffektivt bygg, eit signalbygg i vår region på dette feltet. Elvekanten blir det første bygget i vår region som nærmar seg nullenergihus-standard, etter Futurebuild sin standard som krev 70 prosent forbetring i høve energikrava i TEK 10.

Dette krev svært gode bygningsmessige og tekniske kvaliteter, samt ein høg-effektiv lokal termisk energiforsyning. Elvekanten hentar straum til oppvarming og styring av teknisk anlegg via solceller på tak og fasade, som også blir brukt til å drive varmepumper. Desse hentar lokal termisk energi frå Jølstra, eventuelt Fjordvarme frå Førdefjorden Energi. 

Solcellene vil leverer 156.000 kWh straum i året til teknisk anlegg, som via varmepumpene hentar ut 10 gangar så mykje varmeenergi tilbake.

Kva betyr dette for meg som leigetakar?

I praksis betyr det ein energibruk til ventilasjon og oppvarming/kjøling/tappevatn som svarar til ca. 25 prosent av forbruket til eit standard TEK 10-bygg. Energibruk til oppvarming/kjøling/tappevatn i eit næringsbygg ført opp etter Tek 10 er berekna til ca. 200 kWh/m2 for året. Tilsvarande tal for Elvekanten rekna til cirka 47,3 kWh/m2 årleg. 

Det gir ein kraftig reduksjon av straumutgiftene til leigetakarar– som igjen betyr lågare kostnadar for di bedrift.